Du er her: Hjem /

 

Grieg i Jotunheimen
Sted: Lom, Nordgard Aukrust
Fra: 21.07.07, 19:30
Til: 21.07.07, 20:30

Grieg Force-utøvarane Unni Løvlid og Joachim Kjelsaas Kwetzinsky framfører ”Norske folkeviser opus 66” på ulike stader i Jotunheimen. Grieg tolka og omarbeidde folketonane han høyrde til klaverstykke og samla dei i sitt opus 66. Mest kjend er Gjendines bådnlåt, som vart sunge for Grieg av den 19 år gamle seterjenta Gjendine Slålien på Skogadalsbøen i 1891. Seinare skulle det bli fleire møte med ho i Jotunheimen, og ho er truleg kjelda til åtte av songane i samlinga. Løvlid og Kwetzinsky har intervjua personar som kjende Gjendine Slålien og vil formidle delar av dette materialet vidare til publikum. Dei vil framføre folkevisene både i original- og klaverversjon. Mer informasjon på http://www.gardmillom.no/gardmillom-filer/grieg21_22.pdf


Klikk her for å få en utskriftsvennlig version av denne siden.Utskriftsvennlig version